lørdag 20. november 2010

Topptur til Store Haugmelen.

Blue på Toppen av Store Haugmelen, heldigvis letta tåka så vi fekk eit glimt av Lustrafjorden.   

tirsdag 16. november 2010

Vegleiartur i Sogn.

Tre tredjeårsstudentar i friluftsliv, ei andre års friluftsstudine, 2 idrettsførsteklassingar og ein ivrig trekkhund på tur som starta på Barsnes i Sogndal, gjekk opp Dal til Helgasete og over til Breidesetvatnet for å overnatte der i nokre dagar. Siste dag gjekk vi til Kaupanger der vi hadde bilar ventande for transport tilbake til Sogndal.
Strålande vær og godt humør la forutsetningane bra til rette for ein flott tur. 
Kart over området.
Dei 700høgdemetrane opp til Helgasete var ingen problem for den gjengen her.
Utsikta frå leirplassen.


Leiarskap er situasjonssbestemt så på turen la vi(Vegleiarane og 3.års studentane) opp til ein demokratisk/abdikratisk leiarstil etter å ha brukt ein autokratisk leiarstil i planlegginga av ruta, tidsperspektivet og måla med turen.
"Vegleiarturen skal gjennomførast 12. – 14. oktober og ha ein varigheit på minimum 3 heile dagar med minst to overnattingar, som skal vere ute (telt, gapahuk, lavo, open himmel…. ikkje hytte!).
Turen skal føre gå i nærmiljøet, dvs. Sogn og Fjordane og nabo fylker.
"
( http://fronter.com/hisf/links/files.phtml/586555826$559628451$/Undervisning/B3+FL+2010/Ekskursjonar/Vegleiartur/RETNINGSLINJER+FOR+VEGLEIARTUR+2010.pdf )
Måla vi hadde satt var:
  • Orientering på fjellet og i skogen
  • Trygg ferdsel
  • Etablering av leir
  • Tilbereding av mat på bål eller primus
  • Sporløs ferdsel.
Vi hadde veldig god gruppedynamikk frå starten av og 1.klasse studentane låg i forkant og bestemte ruta meir eller mindre heile turen, med enkelte oppbrudd av innspel frå oss og enkle kart og kompass øvingar som for eksempel krysspeiling for å få enkelte oppbrudd i navigeringa mot leiren.

Vi hadde lagt inn ein topptur som ein del av turen og hadde derfor same leir i to dagar for å fokusere på grunnleggjande friluftsliv og trivsel på tur. Å få legge frå seg all opppakning i leiren og bevege seg i naturen uten ekstra vekt å bære på aukar oppmerksamheita og bevegelsesfridomen og var eit populært innslag på turen. Det var forholdsvis kraftig tåke mot toppen av Store Haugmelen så navigering i tåka vart eit interessant element på toppturen.

Tida i leiren gjekk hovudsakleg ut på enkel prat omkring friluftsliv og utstyr, bålkos, god mat, vedsanking og spøkelseshistorier. Vi hadde med oss ein 60kvm presenning som var nok til ein gapahuk med ståhøgde, golv og soveplass til alle.
Tispa Blue fekk forsynt seg grådig av all feilplassert mat og var ein god heis for slitne lår opp bratte bakkar. Vi fekk og belyst et mogleg problem med å ha hund med seg på tur då Blue gjekk på hjortejakt 2km frå parkeringa ved turens ende og vart vekke ei god stund.
På parkeringa hadde vi ei evaluering, der vi fekk gått igjennom dei forskjellige måla og elementa vi hadde vore igjennom,  før turen gjekk tilbake til Sogndal.
Posted by Picasa