lørdag 4. desember 2010

Gorges du Verdon.


Som avveksling frå klatringa foretok vi ein dagstur til Gorges du Verdon eller Grand Canyon Verdon som det og vart kalla. Gorges du Verdon er ansett som ein av Europas vakraste elvedalar og gav oss eit fantastisk tur gjennom eit tidlaust landskap.
Sondre "Danger" Setrom.

Vakkert landskap.

Ein kan nesten sjå steinaldermenneska site rundt bålet her.

Eden Adventure

Klatring, slakkline, wire og moro.

På ein av kviledagane våre reiste vil til Mèounes for å oppleve eit Fransk turismetilbod. Dessverre hadde mykje forandra seg der sida i fjor og delar av parken var demontert, kiosken var stengt og guidane våre var ikkje like strenge og sure som Vegard hadde forberedt oss på. Det var veldig interessant å være med på eit slikt opplegg som turist, og sjå korleis ting fungerar på eit slikt tilbod i Frankrike.
Ein kan stille seg spørsmål omkring sikkerheita sida halvparten av rutene var delvis teke vekk utan mykje skilting, og at vi knapt nok såg guiden vår i løpet av dagen. Men med ingen skader får ein anta at guidane hadde full kontroll.
Joakim dansar på stram wire.

Joakim kastar seg ut, ser på utsikta og villsvinjaktlaga nede i dalen
Gaute tar den ekstreme varianten

Etter opphaldet i Eden tok vi ein par timers kjøretur for å få ein liten time i Cassis, der vi fekk dyppa oss i Middelhavet og ete ein is før vi reiste tilbake til Correns.

Frankrike.

Joakim Klatrar Petit Brun 6b+ i Chateauvert.

Den 18-29 Oktober reiste heile B3 Friluftsliv fra Hisf til Frankrike, nærmare bestemt til Correns i Provance.
Der skulle vi hovudsakleg klatre i Chateauvertfeltet og ha nokre "kviledagar", der vi var på besøk i Eden Taupark i Mèounes og gjekk ein dagstur igjennom Gorges Du Verdon.

Den lille søvnige landsbyen Correns.


Måla som var satt for turen var:
- Bli trygg på egen ferdighet med klatring på led på borebolter
-Oppfølging og veiledning av medstudenter på klatrefeltet
-Lærerike studenttema (eksamensforberedelse)
-Individuell oppfølging på egne mål med oppholdet i Frankrike
- Bli kjent med ulike kommersielle måter å legge opp klatrevirksomhet- Opplevelse
(Kjelde:  http://fronter.com/hisf/links/files.phtml/586555826$559628451$/Undervisning/B3+FL+2010/Ekskursjonar/Frankrike/Frankrike+2010.pdf ).

Vi hadde og daglege studenttema som omhandla dei forskjellige tema vi  hadde hatt i løpet av hausten, "korte" forelsesningar etter frokost og lunch var ein fin måte å gå igjennom dei forskjellige emna på.
Studenttema i Mèounes om Etikk.

Eg vil sei at alle mål for turen absolutt vart nådd, bortsett fra mitt individuelle mål om vanskelegheitsgrad, grunna sjukdom var eg nødt til å slappe av dei siste dagane av turen.
Takk til Joakim min eminente klatrepartner, takk til flinke vegleiarar og ikkje minst takk til B3 Friluftsliv for den siste av mange flotte lærerike turar.

Klatreplansjar i Petzl katalogen.


















2 gangar i året kjem Petzl ut med ein produktkatalog som og inneheld gode plansjar for grunnleggjande klatreteknikk og sikring, her er ein del av kva ein får sjå.

lørdag 20. november 2010

Topptur til Store Haugmelen.

Blue på Toppen av Store Haugmelen, heldigvis letta tåka så vi fekk eit glimt av Lustrafjorden.   

tirsdag 16. november 2010

Vegleiartur i Sogn.

Tre tredjeårsstudentar i friluftsliv, ei andre års friluftsstudine, 2 idrettsførsteklassingar og ein ivrig trekkhund på tur som starta på Barsnes i Sogndal, gjekk opp Dal til Helgasete og over til Breidesetvatnet for å overnatte der i nokre dagar. Siste dag gjekk vi til Kaupanger der vi hadde bilar ventande for transport tilbake til Sogndal.
Strålande vær og godt humør la forutsetningane bra til rette for ein flott tur. 
Kart over området.
Dei 700høgdemetrane opp til Helgasete var ingen problem for den gjengen her.
Utsikta frå leirplassen.


Leiarskap er situasjonssbestemt så på turen la vi(Vegleiarane og 3.års studentane) opp til ein demokratisk/abdikratisk leiarstil etter å ha brukt ein autokratisk leiarstil i planlegginga av ruta, tidsperspektivet og måla med turen.
"Vegleiarturen skal gjennomførast 12. – 14. oktober og ha ein varigheit på minimum 3 heile dagar med minst to overnattingar, som skal vere ute (telt, gapahuk, lavo, open himmel…. ikkje hytte!).
Turen skal føre gå i nærmiljøet, dvs. Sogn og Fjordane og nabo fylker.
"
( http://fronter.com/hisf/links/files.phtml/586555826$559628451$/Undervisning/B3+FL+2010/Ekskursjonar/Vegleiartur/RETNINGSLINJER+FOR+VEGLEIARTUR+2010.pdf )
Måla vi hadde satt var:
  • Orientering på fjellet og i skogen
  • Trygg ferdsel
  • Etablering av leir
  • Tilbereding av mat på bål eller primus
  • Sporløs ferdsel.
Vi hadde veldig god gruppedynamikk frå starten av og 1.klasse studentane låg i forkant og bestemte ruta meir eller mindre heile turen, med enkelte oppbrudd av innspel frå oss og enkle kart og kompass øvingar som for eksempel krysspeiling for å få enkelte oppbrudd i navigeringa mot leiren.

Vi hadde lagt inn ein topptur som ein del av turen og hadde derfor same leir i to dagar for å fokusere på grunnleggjande friluftsliv og trivsel på tur. Å få legge frå seg all opppakning i leiren og bevege seg i naturen uten ekstra vekt å bære på aukar oppmerksamheita og bevegelsesfridomen og var eit populært innslag på turen. Det var forholdsvis kraftig tåke mot toppen av Store Haugmelen så navigering i tåka vart eit interessant element på toppturen.

Tida i leiren gjekk hovudsakleg ut på enkel prat omkring friluftsliv og utstyr, bålkos, god mat, vedsanking og spøkelseshistorier. Vi hadde med oss ein 60kvm presenning som var nok til ein gapahuk med ståhøgde, golv og soveplass til alle.
Tispa Blue fekk forsynt seg grådig av all feilplassert mat og var ein god heis for slitne lår opp bratte bakkar. Vi fekk og belyst et mogleg problem med å ha hund med seg på tur då Blue gjekk på hjortejakt 2km frå parkeringa ved turens ende og vart vekke ei god stund.
På parkeringa hadde vi ei evaluering, der vi fekk gått igjennom dei forskjellige måla og elementa vi hadde vore igjennom,  før turen gjekk tilbake til Sogndal.
Posted by Picasa

torsdag 16. september 2010

Vikingane i Gudvangen


I Gudvangen har Vikingen Georg og "krigarane" hans bygd opp ein liten vikinglandsby, og om dei får gjennomført planane sine vil det bli ein storstilt vikingpark klar i Gudvangen om nokre år.
Vi fekk prøve knattleik, pil og bogeskyting, ein manndomsleik og andre vikingaktivitetar når vi kom fram.



 
Etter vikingleikane gjekk vi inn i storstova og fekk høyre Georg fortelle om arbeidet dei har gjort med landsbyen og dei vidare planane der.

Frå Dyrdal til Gudvangen.

 
På den tredje dagen av turen sto vi opp tidleg for å ro fra Dyrdal til Gudvangen.
Det er ei strekning på ca.11,3 km, vi måtte starte tidleg for å nå vikinghøvdingen Georg i Gudvangen før han skulle på møte. Heldigvis var fjordstraumane med oss og turen gjekk raskt innover fjorden.


 

Styvi.


I Nærøyfjorden ligg Styvi.
På NRK nett-tv ligg programmet "Der ingen skulle tru nokon kunne bu".
http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/517386/

På Styivi møtte vi Botolv Hov, Han gav oss eit foredrag om utviklinga til Styvi sida han og kona Kjellaug flytta dit. Han fortalte oss om historia til Styvi og kampar med Fylkesmannen for å kunne leve på Styvi.


 
I andre etasje på Låven sin har Botolv laga eit museum med ting frå historia til Styvi, med alt frå vikingøkser til alle Jo-Bu motorsagene som er laga.
Dei siste tre tiåra har Styvi blitt eit poulært turistmål og vaflene til Kjellaug på Styvi har blitt smakt av folk frå alle verdskantar.