torsdag 16. september 2010

Vikingane i Gudvangen


I Gudvangen har Vikingen Georg og "krigarane" hans bygd opp ein liten vikinglandsby, og om dei får gjennomført planane sine vil det bli ein storstilt vikingpark klar i Gudvangen om nokre år.
Vi fekk prøve knattleik, pil og bogeskyting, ein manndomsleik og andre vikingaktivitetar når vi kom fram.



 
Etter vikingleikane gjekk vi inn i storstova og fekk høyre Georg fortelle om arbeidet dei har gjort med landsbyen og dei vidare planane der.

Frå Dyrdal til Gudvangen.

 
På den tredje dagen av turen sto vi opp tidleg for å ro fra Dyrdal til Gudvangen.
Det er ei strekning på ca.11,3 km, vi måtte starte tidleg for å nå vikinghøvdingen Georg i Gudvangen før han skulle på møte. Heldigvis var fjordstraumane med oss og turen gjekk raskt innover fjorden.


 

Styvi.


I Nærøyfjorden ligg Styvi.
På NRK nett-tv ligg programmet "Der ingen skulle tru nokon kunne bu".
http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/517386/

På Styivi møtte vi Botolv Hov, Han gav oss eit foredrag om utviklinga til Styvi sida han og kona Kjellaug flytta dit. Han fortalte oss om historia til Styvi og kampar med Fylkesmannen for å kunne leve på Styvi.


 
I andre etasje på Låven sin har Botolv laga eit museum med ting frå historia til Styvi, med alt frå vikingøkser til alle Jo-Bu motorsagene som er laga.
Dei siste tre tiåra har Styvi blitt eit poulært turistmål og vaflene til Kjellaug på Styvi har blitt smakt av folk frå alle verdskantar.









Dyrdal

Skulestova på Dyrdal.

Med Dyrdal som base for turen var det duka for mykje avslapping, matlaging, fisking osv.
Mykje fritid og fint vær gjorde den her turen til den roligaste og mest behagelege turen med Hisf so langt.
Punkt 4. på lista over måla for turen vart og oppfylt her med Studenttema omkring turisme, naturbasert turisme og økoturisme.


Soverom.
Utsikt frå soverommet

mandag 13. september 2010

Fra Undredal til Dyrdal i Nærøyfjorden

 
Med ein Åttring og fire Færingar stilt til disposisjon frå både museum og kystlag var det duka til rotur.
Læringsmåla for turen var;
1Kjenne historia til sognafæringen og korleis den vart brukt i Indre Sogn
2.Kjenne til Kystledet og korleis bruke robåt i friluftsliv undervisning
3.Gjennomføre trygg gruppeaktivitet på fjorden med robåt
4.Gjennomføre studenttema med tema turisme, naturbasert turisme og økoturisme.
Det1. punktet fekk vi gått igjennom når vi var på besøk på Båt-museet i Kaupanger. 2. punkt føltes som om det var dekka med kart og kompass rundt halsen, redningsvest over skuldrene og heile klassen plassert i alle båtane samt delt opp i ei lovleg stor gruppe per vegleiar.
 
Punkt 3 var ikkje like lett overstått..

Når vi kom ut av Aurlandsfjorden, og skulle rundt neset på Beitelen og inn i Nærøyfjorden vart vi møtt av kraftige vindar og bølger.
Færingen som eg var i var heldigvis rodd av to store arbeidshestar som ikkje lot seg skremme av litt skum på bølgetoppane. Sognebåtane har ein god design som gjer dei raske i vatnet, men dei vrir seg raskt sidelengs i bølgene og ripa er så lav at ei bølgje fort kan slå over. På dette punktet hadde dei tre båtane i mi gruppe fått god spredning og det kunne ha vore vanskeleg å få til ein redningsaksjon om ein skulle ha kantra. På ein så trafikert fjord er det så mange fergepasseringar at det er gode moglegheiter til å bli fiska opp om dei skulle havne i vatnet.
Rundt neset og inn i Nærøyfjorden la vinden seg og vi fekk nyte turen inn i ei naturperle.
 

Nærøyfjorden er ein veldig smal fjord(250m på det smalaste), omkrinsa av bratte fjellveggar og luftige toppar (opp til 1761moh).
14. juli 2005 blei Nærøyfjorden innskrevet på UNESCOs liste over verdens kultur- og naturarvsteder. Nærøyfjorden verdenshavpark er eit av pilotprosjektene i Verdiskapningsprosjektet til Riksantikvaren.
(Kjelde: Wikipedia (http://no.wikipedia.org/wiki/N%C3%A6r%C3%B8yfjorden)


Ein Tradisjon i utvikling

Posted by Picasa

Rotur i Nærøyfjorden


7 September bar det ut på ny tur med B3 Friluftsliv og Hisf.
Denne gong på rotur i Nærøyfjorden, for å oppleve "slow tourism" med fokus på hygge, kultur, mat og turisme.
Møteplass var i Undredal i fjordarmen øst for Nærøyfjorden. Der møttes klassen for lokalmatsmaking hos kremmaren Leif.
Her vart vi fortalt om Undredals osteproduksjon og turistnæring samt fekk sjå Leif både danse og synge før vi fekk servert velsmakande nærmat og lokal lesk.

Posted by Picasa

lørdag 11. september 2010

Toppsikring/standplass og rapellering frå toppanker.




Posted by PicasaTopptaufeste:

Topptaufestet er det øverste punktet tauet går igjennom på topptauklatring når ein blir sikra frå bakken og opp. Tauet skal kunne trekkast ned etter bruk.
Det skal være minimum 2 uavhengige forankringspunkt i festet, for om et ryk vil andre fortsatt bære vekta til eit menneske. Vinkelen mellom desse festa skal ikkje være større enn 60 grader.
Rapellfeste:
Eit rapellfeste liknar topptaufestet og brukar dei same sikringsprinsippa, men her med dobbelt tau. Ein bør tenkje på at det skal være lett å kome seg over kanten og at ikkje tauet kan kile seg på veg ned.
Standplass:
Ein standplass skal tåle rykk og belastning i ALLE retningar. Den og brukar dei same grunnleggjande sikringsprisippa som eit topptaufeste. Ein brukar som oftast 3 sikringspunkt ved setting av standplass.
2 som tar belastinga frå klatraren, utover og nedover, og 1 som held sikraren på plass ved eit fall oppover.
Gjer alltid standplassen så oversiktleg som mogleg for å unngå taukluss.
Eit godt festepunkt kan være ein stein eller eit tre som vi er sikre på at held belastninga vi kjem til å legge på det.
(Kjelde: Tronstad. Stein: Innføring i klatring. Akilles Forlag)

Naturlege sikringar.

Vegleiar Marit visar korleis ein skal sette ei naturleg sikring i ei sprekk
"Naturlige sikringer betyr at det ikke finnes bolter eller andre menneskeskapte inngrep du kan feste sikringene i. Vanligvis bruker man en form for kile som settes inn i en sprekk i fjellet, men man kan også bruke trær, store steiner eller utspring i fjellet til å feste sikringene i."
Kjelde: Wikipedia (http://no.wikipedia.org/wiki/Klatring_p%C3%A5_naturlige_sikringer).
Posted by Picasa

Klatring på Gol

På Natten/Hullet rett etter Gol på vegen mot Ål er det eit klatrefelt som er forholdsvis tørt sjølv om det regnar.
Dag 2-4 av klatrekurset tilbrakte vi her.

Tørr plass til heile klassen under eine overhenget.

Læringsmåla for dette kurset var;

- kjenne til de grove trekk i buldrehistorien
- kjenne til fenomenet buldring og hvordan denne aktiviteten kan brukes i veiledningssammenheng
- tilegning av trygg ferdsel kring lavlandsklippe
- gjennomføre trygg gruppeaktivitet på lave klipper/klatrevegg med taubruk
- kunne formidle gode sikringsrutiner ved klatring på klippe og ved rapell.

Dei første punkta på lærinngsmålslista fekk vi unnagjort på Buldrekurset første dagen av klatringa i Hallingdal.
Bruk av naturlege sikringar står ikkje på lista med dette var ein del av kurset et sat stor pris på. kamkiler og "friends" er utruleg dyre og ikkje så lett å få lånt så eg fekk utforska bruken av desse mykje.
Undervisninga fungerte godt, instruktørane tok i bruk både induktive og deduktive læringsmetodar med fokus på aktivitet, noko som gjorde at ein fekk både prøvd og repetert på dei forskjellige stasjonane.
I løpet av dei 3dagane vi oppholdt oss her fekk vi gått igjennom læringsmåla på ein tilfredsstillande måte på tross av været.



Cowboysteinen:
Denne kløvde steinen er synlig fra vegen, og er vel verdt et besøk.
1 Pochahontas 2c 6A.
2 Cowboykroken 1c 6B
3 Flesk & Bønner c 4
4 Cowboyrisset c 4
Kan også gås som eliminasjon: bruk kun risset.
5 Indianereggen c 5
6 Cowboystarten c 6C
7 Prosjekt c ?
8 Ponderrosa c 3
v. kant av risset.
9 Lommetjuven ...................c 5+
0 Egg & Bacon c 5+
q Retur c 2+
w Mokasin c 3
Midt på svaet.
Mange vanskelegheitsgrader og mange morsomme ruter.
Info frå NKF sine nettsider.
Posted by Picasa

Buldresikkerheit


Vegard visar korleis det er best å ta i mot eit fall.
Spottaren skal styre/kontrollere klatrarens fall mot bakken.
I Buldring er Chrashpad og kompisar dei viktigaste sikringane, det er vanskeleg å finne ein klar definisjon av Buldring , men ei enkel avgrensing er at "ein klatrar ikkje høgare enn ein tør å hoppe/dette ned".
Klatring tar vekk ein del av fokuset frå utstryrsstøyen og er ei meir konsenstrert for for klatring.



Ein bitteliten del av Hovda og buldrehistoria.




Buldring kjem av ordet bouldering(fra engelsk boulder, «stor stein»)
Ein kan ofte finne store steinar i front av ei breline der større steinar har blitt lagt att før morenene. Eventuelt kan ein finne store rassteinar i bratte skrentar og bratte fjellområder.
Buldring starta i 1860 i Frankrike, USA og England som ei form for trening til fjellklatring.
Mange vil kanskje sei at buldring er ein veldig naturleg del av å være barn i eit område med eigna steinar, kanskje urfolk buldra for å få betre utsikt over sletter på høgfjellet når dei var ute på reinsdyrjakt.
I vårt århundre utvilkla buldringa seg etter kvart til ein subkultur, kanskje spesielt i skogane i Fountan Bleu i Frankrike der Les Bleusardes opphaldt seg .
Buldring er godt dokumentert frå 1900talet og oppover og utallege ruter i alle venskelegheitsgrader har blitt etablert over heile verda.
Tidlegare buldrarar forkuserte på klatrebevegelsen og estetisk klatring, etter kvart begynte sportsklatrarane å oppsøke buldrarane for å lære bevegelse og for å få muligheita til å fokusere på vanskelege crux utan å måtte klatre opp til dei.
I 1982 utvikla Pierre Allian klatresko med friksjonsgummi, noko som revolusjonerte dei fleste greiner av klatring og spesielt buldring der smøring (Smøring= Å skape mest mogleg friksjon mot ei flate ved å sette størst mogleg flate imot) er viktig.
Individ som Chris Sharma (notid) og John Gill(1937-)  "The Father of Modern Bouldering" og førstemann til å bruke kalk i klatring  har saman med P. Allian vore med på skape buldring slik den er i dag.
Det er to distinkt forskjellige graderingar av buldreruter Amerikansk og Europeisk gradering. Desse er igjen forskjellige frå graderinga på vanlege klatreruter med tau. Den som klatrar ei rute først får namngje og gradere ruta. Det at det finnast klatrarar i alle tyngder og fasongar og at alle har forskjellige måtar å klatre på gjer at det er for meg vanskeleg å sjå korleis ein graderer ruter. Men om ein finn ei vanskelegheitsgrad som er utfordrande men ein klarar er det ein peikepinn på kva andre ruter ein kan oppsøkje.

torsdag 9. september 2010

Buldring på Torpo.

Mellom Gol og Ål ligg Torpo, der viste Hisf og Vegleiar Vegard meg eit stort buldrefelt eg ikkje har sett maken til før. Mi klatreerfaring frå tidlegare er begrensa, men at ein plass som dette skulle ligge ein halvtimes tid frå huset mitt hadde ikkje eg trudd.
Klatreførar finnast her.
http://www.klatring.no/Anlegg/Minif%C3%B8rer/F%C3%B8reretilbruk/tabid/6359/Default.aspx