Buldring kjem av ordet bouldering(fra engelsk boulder, «stor stein»)
Ein kan ofte finne store steinar i front av ei breline der større steinar har blitt lagt att før morenene. Eventuelt kan ein finne store rassteinar i bratte skrentar og bratte fjellområder.
Buldring starta i 1860 i Frankrike, USA og England som ei form for trening til fjellklatring.
Mange vil kanskje sei at buldring er ein veldig naturleg del av å være barn i eit område med eigna steinar, kanskje urfolk buldra for å få betre utsikt over sletter på høgfjellet når dei var ute på reinsdyrjakt.
I vårt århundre utvilkla buldringa seg etter kvart til ein subkultur, kanskje spesielt i skogane i Fountan Bleu i Frankrike der Les Bleusardes opphaldt seg .
Buldring er godt dokumentert frå 1900talet og oppover og utallege ruter i alle venskelegheitsgrader har blitt etablert over heile verda.
Tidlegare buldrarar forkuserte på klatrebevegelsen og estetisk klatring, etter kvart begynte sportsklatrarane å oppsøke buldrarane for å lære bevegelse og for å få muligheita til å fokusere på vanskelege crux utan å måtte klatre opp til dei.
I 1982 utvikla Pierre Allian klatresko med friksjonsgummi, noko som revolusjonerte dei fleste greiner av klatring og spesielt buldring der smøring (Smøring= Å skape mest mogleg friksjon mot ei flate ved å sette størst mogleg flate imot) er viktig.
Individ som Chris Sharma (notid) og John Gill(1937-) "The Father of Modern Bouldering" og førstemann til å bruke kalk i klatring har saman med P. Allian vore med på skape buldring slik den er i dag.
Det er to distinkt forskjellige graderingar av buldreruter Amerikansk og Europeisk gradering. Desse er igjen forskjellige frå graderinga på vanlege klatreruter med tau. Den som klatrar ei rute først får namngje og gradere ruta. Det at det finnast klatrarar i alle tyngder og fasongar og at alle har forskjellige måtar å klatre på gjer at det er for meg vanskeleg å sjå korleis ein graderer ruter. Men om ein finn ei vanskelegheitsgrad som er utfordrande men ein klarar er det ein peikepinn på kva andre ruter ein kan oppsøkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar