|
Klatring, slakkline, wire og moro. |
På ein av kviledagane våre reiste vil til Mèounes for å oppleve eit Fransk turismetilbod. Dessverre hadde mykje forandra seg der sida i fjor og delar av parken var demontert, kiosken var stengt og guidane våre var ikkje like strenge og sure som Vegard hadde forberedt oss på. Det var veldig interessant å være med på eit slikt opplegg som turist, og sjå korleis ting fungerar på eit slikt tilbod i Frankrike.
Ein kan stille seg spørsmål omkring sikkerheita sida halvparten av rutene var delvis teke vekk utan mykje skilting, og at vi knapt nok såg guiden vår i løpet av dagen. Men med ingen skader får ein anta at guidane hadde full kontroll.
|
Joakim dansar på stram wire. |
|
Joakim kastar seg ut, ser på utsikta og villsvinjaktlaga nede i dalen |
|
Gaute tar den ekstreme varianten |
|
Etter opphaldet i Eden tok vi ein par timers kjøretur for å få ein liten time i Cassis, der vi fekk dyppa oss i Middelhavet og ete ein is før vi reiste tilbake til Correns. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar